14/3: Familiebesøk i Ho Chi Minh City
March 17th, 2010
Utslitte og trøytte kom vi fram til Ho Chi Minh City i dag tidleg. Etter en meget spesiell busstur med liggeseter som vi aldri har sett maken til og der ryggen i våra tilfelle hoppa opp kvar gong bussen kjørte over ein hump, og med air-condition som blåste på full guffe og som ikkje gjekk ann å skru av, så skulle det bli deilig å endelig komme seg ut i det fri igjen. Uten heilt å vite kva vi skulle forvente oss, så skulle vi no delast opp i forskjellige grupper og dra på familiebesøk.
Det første som vart sagt då vi kom med taxi inn i gata der vi skulle bu, var ein kommentar frå Anne Brit; «Hvis det er i et av disse husene vi skal bo i tror jeg vi får det veldig bra i dag.» Og det viste seg å bli veldig rett. Huset var over alle forventningar, inkludert gata vi budde i! Parken utanfor er noke av det koseligaste vi har sett, og verandaen deira har i følge dattera i huset blitt brukt til fotografering av fotografer opptil fleire gongar.
Familien hadde dagen våra heilt planlagt. Dei eige ein fabrikk som produserar koffertar og ryggsekkar og slikt og tok oss med dit. I dag er det søndag så arbeidarane har eigentleg fri, men sida vi skulle komme hadde arbeidsgivarane sagt at dei som ville kunne komme på jobb og få søndagstilleg slik at vi kunne få sjå korleis fabrikken virkar. Det er ikkje kvar dag ein får rundt 150 arbeidarar til å komme på jobb berre for deg! Dersom du kjøper ein sekk som er «Made in Vietnam» på Wal Mart i USA kan det faktisk etter våra fabrikkbesøk hende at det er vi som har pakka den inn:)
Under lunsjen fekk vi vite at av ein sekk som kostar 19.99 USD får fabrikken berre 3.60 USD. Arbeidarane får mellom 100-200 dollar i måneden, noko som tilsvarar mellom 600 og 1200 kroner. Når vi såg kor hardt desse arbeidarane jobba i forhold til kor lite dei tener, så kjenner vi oss ekstra heldige med kor bra og lettvint vi har det heime i Norge.
Verten berre lo av oss når vi sovna under sightseeing i bussen og vi fekk vel ikkje så masse ut av akkurat den turen. Så trur dei innsåg det berre var å kjøre oss heim att. Stine sovna lenge på senga, resten av oss , eller nærmere sagt berre jentene satt oss ned med middagsbordet og lærte oss å rulle vårrulla:) Imens satt gutane og koste seg med is og frukt foran tven. Tor som hadde sagt ja takk til kaffe blei uventa tatt med på kafe i staden for å få den servert. Martine og Amanda har i tillegg vore med dottera til verten to ganga i løpet av dagen og gått tur i parken mens ho har snakka i ett sett om korleis det er å bu her. Resten av ettermiddagen og kvelden gjekk med til å ete den gode maten vi hadde hjulpe til å laga, spele basketball, sjonglere og å sitte ute på fortauet med kaffe og frukt å berre kose oss og snakke. Vi har lært utruleg masse i løpet av denne dagen, og vi har storkosa oss med den søte vietnamesiske familien vi budde hos.
Skrive av Stine og Martine:)
Hei.
Fint å høre fra turen deres. Høres ut som det er et bra opplegg!!