Klokka 6.00 ringde vekkarklokka og 43 trøyte Solborgkroppar måtte hoppe avgårde langs den hompete safarivegen. Men først skulle ein nydeleg frukost inntakast. Gode og mette satte vi avgårde mot elefantane og løvene sitt område. Spaninga steig i baksetet ettersom vi sakte (=råkøyring) men sikkert nærma oss villbeista. Forventningane på førehand var løver og flodhest – noko som ikkje var sjølvsagt at vi kom til å sjå. Men hei du – gjett kva; vi hompa oss fram til både to + mange andre flotte skapningar som hyener, elefantar, kronfuglar, zebraer, strutsar, bavianar og apekattar. Sistnemnde har vi også tutlande rundt på tunet på lodgen. For den eine bilen vart det eit litt hardt syn å sjå ein zebra ta sine siste åndedrag – tørken i landet set verkeleg sine spor med daude kadaver strødd rundt omkring.
Vidare vart vi ført inn i ein masailandsby, der vi vart ynskja velkomne med song og dans. Masaier er ein stamme som bur i deler av Kenya og Tanzania. Dei er ein av dei mest kjende stammane på grunn av at dei ikkje vil gi slepp på gamle tradisjonar. Kledningane er lett gjennkjennelege og karakteristiske. Sjekk fotobloggen! Besøket var ein ny opplevning som gav meirsmak for nokre. For ein av bloggforfattarane vart dette endeleg ein etterlengda smak av ein av afrika sine mange urbefolkningar. Ikkje berre fekk vi underhaldning – som vi sjølvsagt var med på – men også ein omvisning i heimane deira som besto av særs primitive jordhytter. Hyttene var bygde i ring, slik at dei danna eit tun i midten. Vi vart førte inn ei trang og lav dør, inn til ein bekmørk heim som besto av tre delar; seng til foreldra (på grunn av at mannen kan ha opptil seks koner, rullerer mannen hus), seng til barna og «kjøkkenområde» i midten. Årsaka til bekmørket var dei små vindauga og mangelen på elektrisitet. Vindauga vart brukte som ventilasjon under matlaging og var små for å halde sanden ute. Det var spanande å sjå at dei levde så primitivt. Til nå hadde alt vore ganske positivt, men for nokre vart denne positive opplevninga snudd litt om då vi vart dradde inn på markedet for å nesten bli påtvunge varekjøp – men slik er vi jo vane med – så alt i alt var dette ei positiv kulturell oppleving.
Elisabet – nynorsk i hjarta – og Silje – nynorsk i dette høve